«Gjennom innsamling av segner, legender og soger, er det teke vare på reminisensar frå folketradisjonen. Det vi finn, syner at det har vori ein rik og spennande kultur knytt til Mariplantene. Ofte får vi berre ei aning om kor mykje vi har mist. Men det er lovleg å sleppe fantasien laus og dikte på det som er att av ei spennande kultur.»
Levande og beint fram oppbyggeleg fortel forfattaren gamle legender og soger knytt til den rike Maria-tradisjonen. Vakkert og fargerikt illustrert med eigne fotografier.