"Frå løynde kjelder" er Grues fyrste diktsamling. Diktsamlinga er ei slags poetisk vandring. Ei vandring gjennom naturen i konkret forstand; storleiken, mangfaldet og dei vakre detaljane i han. Men ho er òg ei vandring i litterære og musikalske fotspor. Her kan ein kjenne mystikk, blaff av djup religiøsitet og fleire generasjonars folkelege visdom. Dikta er ein hyllest og takk til dei gode kjeldene og dei vakre skattane på livets veg. Omtalen er utarbeidd av BS.
Frå løynde kjelder er ei poetisk vandring, mangfaldig som naturen sine eigne tråkk; ei rørsle i litterære og musikalske fotefar, i mystikken – dei djupe religiøse draga – og tett på nedarva folkeleg visdom. Samlinga skodar òg naturen sjølv; storleiken og dei vakre detaljane. Dikta formidlar ein takk for kjeldene langs livsvegen vår, skattar som alt er nær oss. Med musikalitet og inderleg formidlingsvilje står lyrikken fram som var det Olav H. Hauge, Hans Børli eller Johan Falkberget sjølv som held i diktarhanda. Ein gjestar landskap der Jaqueline de Pré, Arvo Pärt og Joseph Haydn tonar i strofene. Eiliv Grue (f. 1934) kjem frå Os i Østerdalen og bur no på Røros. Frå løynde kjelder er den første diktsamlinga hans, men ikkje første bok; Grue har særleg arbeidd med diktinga til Johan Falkberget og står bak fleire bøker om forfattarskapen hans. Omtala er utarbeidd av Efrem forlag.