Mammafuglen sat på ein fjelltopp og såg bort på treet sitt og reiret sitt.
Kanskje har eg blitt ein mammafugl no, undra ho seg.
Eg må dra heim for å sjå om ungen har kome ut av egget.
Ein vakker dag er historia om vesle Piip som veks opp utan mamma. Samtidig er det historia om mammafuglen som vart så forskrekka at ho lot seg føre vekk frå reiret av ein varm vind. Boka er ei forteljing om bandet mellom foreldre og barn, om lengsel og håp.