SARAH KANE (1971-99) skreiv berre fem teaterstykke, men dei har gitt henne ein sikker plass som dramatikar både i teater- og litteraturhistoria. Psykose 4.48 er spelt ei rekkje gonger over heile den vestlege verda, også fleire gonger i Noreg, og kan kallast ein moderne klassikar.
I Psykose 4.48 blir det depressive, og suicidale, medvitet framstelt med stor avstand, og samstundes med smertande nærleik. Stykkets skjerande klårleik gjer vondt, men den avklåra forma i stykket gjer at den smertande klårleiken blir å halde ut. I Psykose 4.48 klarer Kane samstundes å seie noko nytt, og sant, om det å vere menneske, og å skrive fornyande litteratur: Det som i smerta gjer livet leveleg, er kunstens forsonande form.