SARAH KANE (1971-99) blir rekna som Englands fremste unge dramatikar. Ho skreiv berre fem teaterstykke, men dei har gitt henne ein sikker plass som dramatikar både i teater- og litteraturhistoria.
I Fedras kjærleik går Kane attende til den gamle segna, der Tesevs er ute i krigen og vinn ære, medan dronninga hans, Fedra, blir forelska i stesonen Hippolytos. Ho blir avvist, og tek hemn. Når Tesevs vender heim, blir sonen skulda for å ha vilja forføre Fedra. Tesevs sender sin eigen son i døden. I Kanes versjon er det moderne nevrosar og dødslengt som blir tematisert. Gjennom den særeigne blandinga av brutalitet og ømheit og mørke framtidsvoner, plasserer Sarah Kane den gamle klassikaren Fedra blant dei viktigaste verka i moderne scenekunst.