Forlaget skriv om denne boka:
Dikta og bileta i denne boka har oppstått i møte med eit landskap, nærare bestemt baroniet i Rosendal, parken og fjell- og fjordlandskapet ikring. Men ganske fort blir perspektivet mykje vidare enn utsynet frå porten til ein hage. Slik står det i eit av dikta:
Vi skulle møtast her,
men veit ikkje kvar vi kjem frå
mellom solglimt og galaksar.