Forlaget skriv om denne boka: Det er ganske merkeleg når to små jenter som ikkje har visst om kvarandre plutseleg møtest på ein feriekoloni og oppdagar at dei liknar kvarandre som to dropar vatn. Rett nok har Lise Palfy frå Wien lange krøller og Lotte Körner frå München stramme fletter - men det er også den einaste forskjellen. Lise og Lotte bestemmer seg for å finne ut av løyndommen bak denne likskapen. Dermed reiser Lise som Lotte til München og Lotte som Lise til Wien ...