Kven redigerte Dølen når A. 0. Vinje var på reise i inn- og utland? Korleis gjorde gjestene på kaffi stovene det mogleg å setje i gang den eine avisa etter den andre? Kvar blei det av draumen om stor avisa? Og kva skreiv redaktøren som tykte hennar eiga avis var for einsidig?
Dette er historia om nynorskpressa som skilde seg ut, blei integrert i mediesamfunnet og etter kvart gjorde nynorsk til eit alminneleg språk. Forfattaren viser kor ulikt aviser på nynorsk og bokmål har utvikla seg i Noreg. Forteljinga gir raus plass både til utgivarane som støtt måtte skaffe meir pengar, redaktørane som klaga over lesarane og bakmennene som sjel dan gav opp.
Boka inneheld systematisk dokumentasjon av dei 170 nynorskavisene som har korne ut mellom 1858 og 2010, og mange illustrasjonar frå bortgøymde avissider. Delte er kulturhistorie skriven med glimt i auga og myndig kontroll over eit endelaust stort stoff.
OTTAR GREPSTAD (f. 1953) har skrive bøker om både songlyrikk og sakprosa, essayistikk og retorikk, forfattarar og historie, og markerer på ny at han er ein av våre mest allsidige sakprosaforfattarar.