Guten i denne forteljinga må, saman med den brune hesten, leggje ut på ei farefull ferd gjennom eld og vatn, luft og jord. Hesten treng hjelp til noko, kva er det han har det så travelt med? Når guten endeleg er trygt heime igjen, er han både klokare og meir vaksen enn då han reiste av garde.
Spring, hesten, spring! er ei bok om å gå gjennom store farar for å hjelpe ein som treng det.