Forlaget skriver om denne boka:
1944: Den eittårige Enel Melberg flyktar saman med familien frå Estland til Sverige.
Der veks ho opp, før ho seinare flyttar til Noreg. Og alltid har ho eksilet med seg: I utlandet er ho norsk, i Noreg er ho svensk, i Sverige er ho estar og i Estland Sverige-estar.
Denne todelte romanen kretsar om språk og identitet, og stiller spørsmål ved tilhøyre, både geografisk og språkleg. I den første delen minnest Melberg sine reiser tilbake til fødelandet og skildrar det å på ein gong vere heime og det å vere framand. Vi får undervegs servert estiske segner og forteljingar, som på ein spennande måte illustrerer Melbergs tankesprang og gir oss eit innblikk i Estlands kultur og historie.
I den andre delen følgjer vi den unge jenta Epp gjennom oppveksten som eksilestar i Sverige.