Koll er tilbake i Kervad etter den dramatiske turen til Vilkafjord, men heime er ingenting som før. Ingen vil tru på han når han varslar om mistenkelege framandfolk i skogen rundt drakehola. Det varer ikkje lenge før heile Kervad er full av utsendingar som har høyrt rykte om skatten i hola. Vil dei verkeleg berre gjere forretningar, eller har dei andre planar? Saman med Faria, dotter til smeden, tar han kampen opp mot mørkret som trugar.
Kreftene han får frå Nordavinden blir endå ein gang nyttige, men dei kan òg vere farlege …