Det er gått to år sidan Tåka la seg over Kervad og landsbyfolket for første gong forsto kva for gåver Koll hadde fått med frå Nordavinden. Men når ein ny, meir menneskeleg trussel dukkar opp er det ikkje Koll rådet snur seg til, og det er ikkje lenger så klart kven han kan stola på. Med mistillit og splid blant landsbybuarane er dei dårleg rusta til å takla ufreden som truar, og Koll treng alt han har av kløkt og krefter for å halda landsbyen trygg. Men om det er nok, og kven fienden eigentleg er, det veit berre Vinden. Fantasy for mellom-/ungdomstrinnet.
Det har gått to år sidan Tåka la seg over Kervad og landsbyfolket for første gong forstod kva for gåver Koll hadde fått frå Nordavinden. Koll treng alt han har av kløkt og krefter for å halda landsbyen trygg. Men er det nok? Kvifor vender ikkje landsbyen seg til han for hjelp? Og kven er eigentleg fienden? Berre Vinden veit.
I bok fire om Drakeguten held den spennande forteljinga om Koll, Kervad og kampen om rikdom fram.