Eit fargerikt pionerverk som med 260 illustrasjonar dokumenterer og synleggjer eit allment kjent, men usynleggjort og sterkt underkjent kulturhistorisk fenomen, vel 100 år med norskproduserte malebøker for barn.
Einar Økland har i 40 år kartlagt og sjølv samla fleire hundre titlar som er langt fleire enn det som finst i offisielle register. I si kronologiske og perspektivrike framstilling viser han døme på dei utanlandske forløparane før vi frå 1890-talet får dei første norskproduserte produkta.
Boka viser korleis store og mindre forlag nytta kjende og mindre kjende kunstnarar i produksjonen av ein boksjanger som ingen hittil har analysert og som berre sporadisk er registrert. Som bruksbøker er sjangren dessutan å rekne som sjølvdestruerande, men Økland har valt å vise både ubrukte forelegg og ”brukte” sider.