Shakespeares Hamlet bygger på segna om danske prins Amled og vart trykt første gong i ein kort versjon i 1603. Verket står framleis som det mest kjende hemndramaet i verdslitteraturen. Prins Hamlet kjem heim til eit krigstruga Danmark der onkelen sit på trona etter å ha myrda kongen og gifta seg med dronninga, mor til Hamlet. Hamlet blir sliten mellom trongen til å hemne faren og å bevara sin eigen moralske integritet. Men spelar han galen eller er han galen? Hamlet har vore utgitt på norsk i sju ulike gjendiktingar. Av desse er to til nynorsk: Henrik Rytters gjendikting frå 1933 og Hartvig Kirans frå 1967.
Prins Hamlet kjem heim til eit krigstruga Danmark der onkelen sit på trona etter å ha myrda kongen og gifta seg med dronninga, mor til Hamlet. Den unge prisen blir sliten mellom ønsket om å hemne faren og å bevare sin eigen moralske integritet. Verket står framleis som eit av dei mest kjende hemndrama i verdslitteraturen. Denne gjendiktinga er ved Edvard Hoem, og er den første på nynorsk sidan 1967.