Når blei Noreg eigentleg ein nasjon? Innanfor forskinga om rikssamling og statsutvikling i Noreg har det lenge vore diskutert når nordmennene blei ein nasjon. På den eine sida står dei som hevdar Noreg er ein gammal nasjon. På den andre sida står modernistane, dei som meiner den norske nasjonen meir eller mindre vart konstruert av historikargenerasjonane etter 1814. Men korleis såg vikingtidas og mellomalderens menneske på samtidas nordmenn? Land og folk i den norrøne verda 900 til 1450 utforskar kva førestillingar og omgrep som blei nytta om folk og landområde i skriftlege kjelder frå vikingtid og mellomalder, ikkje berre frå Noreg, men og frå alle landområde innanfor den norrøne verda.
I forskinga om rikssamling og statsutvikling i Noreg har det lenge vore diskutert når nordmennene blei ein nasjon. Ytterpunkta i diskusjonen har på den eine sida vore dei som hevdar at nordmennene er ein gammal nasjon. Dei er blitt skulda for essensialisme. På den andre sida står modernistane dei meiner den norske nasjonen meir eller mindre vart konstruert av historikargenerasjonane etter 1814. Men korleis såg så vikingtidas og mellomalderens menneske på samtidas nordmenn? I denne boka utforskar Steinar Imsen kva førestillingar og omgrep som blei nytta om folk og landområde i skriftlege kjelder i denne perioden, og då ikkje berre i Noreg, men i alle landområde innanfor den norrøne verda.