Leif-Einar Lothe, for mange kjend som Lothepus, har sjarmert og provosert folk over heile landet. Over ein million nordmenn følgde med då hardhausen frå Hardanger vann 'Farmen kjendis' i 2017. Mange meiner noko om denne mannen, som nesten aldri blir sett utan cowboyhatt og røyk i kjeften. Men kven er han eigentleg? Eit ekte mannfolk? Ein mann med eit forhistorisk kvinnesyn? Ein som gir fullstendig faen? Eller eit geni? Journalist og forfattar Finn Tokvam har brukt mykje tid med Lothepus for å finne svar på desse spørsmåla. Resultatet er denne boka, full av private foto og røvarhistorier, men òg meir alvorlege sider. Omtalen er utarbeidd av BS.
«Dette er ein sjølvbiografi utan dei kjedelege delane.» Lothepus
Leif-Einar Lothe, betre kjend som Lothepus, sjarmerer og provoserer folk over heile landet. Hardhausen frå Odda i Hardanger, med cowboyhatt og røyk i kjeften, er eit fenomen ingen kan vere likegyldig til.
Over ein million følgde med då Lothepus vann realityserien «Farmen kjendis» vinteren 2017. Men kven er han? Eit ekte mannfolk? Ein dinosaur med forkvakla kvinnesyn? Ein snill og hjelpsam mann? Ein som gir faen? Ein tulling? Eit geni?
Journalist og forfattar Finn Tokvam har hatt mange samtalar med Lothepus for å finne svar på desse spørsmåla. Resultatet er ei bok med røvarhistorier og private foto frå ein sann eventyrar. Lothepus fortel om den gongen han flykta frå politiet med hest, om kunsten å ri i fylla, og om då han var på reinjakt på vidda og leigde sjøfly for å gå på pub i Bergen. Han fortel også om kva det gjorde med han at han mista veslebror sin, Stian, i ung alder.