Therese er tretten år og på leiting etter meininga med livet og ein kjærast. Ho finn Jan, som er innflyttar og frå Manglerud. Under sine forsøk på å kapre Jan startar ho å undra på livet sitt, foreldra som skal skiljast, og systera, Randi-Irene, som er lett utviklingshemma. Ho lagar seg ein liste over 12 ting ho vil gjere før verda går under, og prøver å få Jan med på dette prosjektet. Det heile toppar seg når ho tek med seg Jan og Randi-Irene til Roma. Det er ein av dei tinga ein skal gjere før verda går under.
Alvorleg og morosam ungdomsbok frå den prisløna forfattaren Bjørn Sortland
Therese på 13 er ei uredd jente som resolutt tek saka i eigne hender når ho føler at no er det rett før verda går under. Ho lagar ei liste over tolv ting som må gjerast, og den følgjer ho punkt for punkt. Utan noko tull.
"12 ting som må gjerast før verda går under" er ei vakker bok, morosam og djupt alvorleg på same tid, ei bok til underhaldning og ettertanke. Med denne boka blei Bjørn Sortland den norske vinnaren av Skandinavisk romankonkurranse 2001.