I ungdomen blir Ingeborg frelst, og sidan oppheld ho seg på misjonsstasjonen for å hjelpe dei som treng det og bringe trua og kjærleiken vidare. På 1980-talet drar ho til India for å arbeide som jordmor hos santalfolket, eit folk som har opplevd massiv undertrykking og blitt grovt utnytta i steinindustrien. Men ho spør seg om det vil bli meir himmel på jord av å drive misjon, og om ho sjølv må vere god for å gjere det gode. Ingrid Storholmen debuterte som forfattar i 2001 med diktsamlinga «Krypskyttarloven». I 2010 vann ho Sult-prisen. Omtalen er utarbeidd av BS.