Syskena Kai og Håvard flytter frå byen til Vika ved havet. Kai likar det ikkje, men det er noko det ikkje nyttar å rømme frå. Han saknar kameratane i byen. I Vika er det ingen å leike med, trur Kai. Men då trur han feil. Både han og broren får nye venner, og saman kjem Vikagjengen ut for litt av kvart både på land og sjø. Iblant er dei temmeleg ille ute. Det er ikkje så heilt ufarleg å erte havet. Og kvikkleira blir nok meir nifs enn spennande når ein først sit fast i ho. Men rådlause er ungane ikkje, og er det noko som sjølv ikkje Vikagjengen greier å ordne opp i, så finst det vaksne å be om hjelp.