Boneadea har vore lærejente hos Turiam. Det blir sagt at han er oppfinnar, men det blir og sagt at han er heksemester. Iallfall skjer det merkelege ting i Gripandergarden der han bur. Folk seier at det om natta brenn eld, grøn eld frå garden og at Turiam sjølv er ein drake. Rådmann Klingkors har lånt han pengar for at han skal lage gull, men resultata let vente på seg, og Klingkors tek til å truge Turiam. Men han grip til farlege middel for å bli kvitt skulda si. Det er Bonadea som får svi, ho blir sendt i Turiams hemmelege ærend ut i framande verden. Sanna Silja og Sissela undrar kvifor ikkje Bonadea lenger er å sjå, men samstundes har dei andre alvorlege til å tenkje på . mamma er vorte sjuk og må flytte til Vesle-Fia i Klokkarbakken, som har love å gjera henne frisk. Så tvingar Turiam ei stjerne til å stige ned i kjellaren på Gripandergarden. Nå står det på Bonadea om han skal lykkast i å omskape stjerne til gull.