Vi er i byen Tulavall for mange, mange år sidan. Sanna, Silja, Sissela og resten av Halter-huslyden har mange vanskar å stri med, eldste sonen driv med hemmelege ting. Mamma må alltid arbeide hardt. Pappa sit på kammerset og fortel eventyr, folk seier at han er «rar i hovudet». Men for jentene er hans eventyr ein hemmeleg rikdom.. Det skjer nifse ting i byen. Ei valdshandling set rykta i sving og grip uroande inn også i barnas liv. Bonadea er den beste vennen til jentene, og ho hjelper dei både med mat og ved. Ho lurer forfylgjarar og veit og kan meir enn dei fleste. Når våren endeleg kjem og skuta «Ærfuglen» stikk til havs, får mange gåter si løysing.