Forlaget skriver om denne boka:
Tulavall, den vesle byen ved havet der Bonadea, Sanna, Silja og Sissela bur, er full av urolege rykte. Rådmann Klingkors har kome over alle bøkene til heksemester Turiam, og tek til med mange eksperiment han vil lage eit nytt slags krutt, som skal gjera byen rik. Men mest av alt ønskjer han sjølv å bli rik, han vil ha makt over alt og alle. Han gjer seg skuldig i falskspel og ugjerningar. Men Krull-Lasse, Siljas venn, som segla bort med «Ærfuglen», da han kjende seg forvist, er kome heimatt i løynd. Han kjem for å stoppe ugjerningane til Klingkors. Han tek Silja som sin fortrulege. Dei får og hjelp av Vesle-Fia i Klokkarbakken. Ho har levd så lenge, og vore med på liknande hendingar før. Ho ventar på si tid og den kjem. Ein dag går Klingkors for langt, han kallar inn kosakkar frå garnisonen i hovudstaden som skal skape ro og orden.i Tulevall, og dei skal fange Krull-Lasse&