Maktkamp, strid om odelsrett, gammal firkanta bondeideologi mot såra sjølvkjensle. Dette er stikkord frå familietragedien i ei vestnorsk bygd kring 1960. Dei som set dramaet i gang, og fullbyrdar det, er mennene i familien, ein far, ein farbror og ein bestefar. Men den som opplever hendingane sterkast, er vesle Espen. Dette er ei barneskildring som gir innsyn i livskonfliktar og psykiske mønster mellom menneske som piner kvarandre i låste situasjoner.