Forlaget skriv om denne boka: - Gutane på Øyra sat der, dei. Fem gutar på fem syklar. Alle sat på same måten. Venstre fot i bakken, høgre fot på høgre pedal. Eg stod i midten. Eg hadde ikkje sykkel, men ei gul notisbok og ein penn. Alle såg på meg. Ingen sa noko.
Aslak, som vi kjenner frå fjorårets bok av same forfattar, - Bang! sa Big, er i trøbbel igjen. Gutane på Øyra er etter han. Sjølv trur han at grunnen må vera at han ikkje har nokon far til å forsvara seg. Heldigvis dukkar den litt spesielle venen hans, som kallar seg Big, opp då han trengst som mest. Saman med han og systra Anna, som er både sur og søt, greier Aslak etter kvart å ta opp kampen mot dei farlege gutane på Øyra, som for eksempel brenner folk på bål. Og kanskje er han på sporet etter far sin også&
I alle fall har det dukka opp ein mystisk svart Audi i nabolaget, og denne vert ein viktig brikke i den spanande handlinga.