Eks-journalisten Claus Hjelle sit på nattbussen mellom Sogn og Oslo. Folk søv i seta rundt han, men han kan ikkje tillata seg å sova. Før morgonen kjem, må han ha funne ut av livet sitt. Kven er han? Kva skjer no? Meir og meir vert det månelyse snølandskapet som bussen køyrer gjennom, borte for han. Han er tilbake i ei magisk verd der dei døde talar, der tanken opnar låste dører og skaper nye land. Ei krigersk og farleg verd er det. Overvakningspolitiet er overalt. Offiserar kler seg ut som legar og planlegg giftdrap...
Og kva er det med sjåføren? Kvifor er han sint? Kvifor glor han slik?
"Nattbussen" er ei djupt personleg utforsking av randsona mellom normalitet og galskap. Boka er eit frittståande framhald av romanen "Nordvegen" som kom i 2003.