Forlaget skriver bak på boka:
Dette er ei forteljing som går føre seg i Bergen rundt juletider. Finn og foreldra hans er i byen for å gjere julehandel, og Finn har ei avtale med sommarkjærasten Inga. Men Inga er blitt sjuk og får ikkje gitt Finn beskjed om at ho ikkje kan komme. Finn gir opp å vente og får plutseleg auge på ei jente som stel ei bok. Han følgjer etter henne. Lite veit han om den dramatikken han då skal råke opp i.