Forlaget skriv om denne boka: Boka som fekk gull i open klasse i kåringa av "Årets vakreste bøker 2002", og terningkast 6 i BA. Boka handlar om ein person med sitt heilt eige utsyn på livet. Om verda slik ho ser ut frå Halbrendslia ovanfor Førde. Om kvasse linjer, særeigne tonar og besynderlege tankesprang. Og ikkje minst - om livsglede.