Karine Sele bur i Jølster. På 1800-tallet utvandra over tusen menneske frå Jølster til Amerika. I dag kjem menneske frå den andre sida av verda dit. Ho oppsøkjer asylmottaket og blir kjend med folka og historiene der. Det staselege sveitserhuset husar i dag nesten hundre asylsøkjarar, frå Eritrea, Etiopia, Sudan og Syria. Boka er ei nær og varm forteljing om korleis det er å vente, å vente på vedtak, vente på klager som skal bli behandla, vente på å bli busett, vente på at livet skal byrje - om sakn og lengt, krig og kjærleik. Omtalen er utarbeidd av BS.
Dei reiste ifrå liva sine. Dei reiste ifrå mødrer og fedrar, ektefellar, kjærastar, barn. lkkje alle visste om dei ville sjå sine kjære att. Dei reiste ifrå eit hus i Daraa, eit hus i Aleppo, farens villa i Raqqa, ei stråhytte på landsbygda sør for Mogadishu, ei stråhytte på landsbygda nær Jijiga, ei leilegheit delt med broren i Damaskus, moras hus i Khartoum. Ei tid var dei alle på asylmottaket i gamle Jølster hotell: Bassel, Hayat, Malik, Milka, Moayad, Najma, Shaban, Tblets og Yamen. Dette er historia deira.