Rut mistar mannen sin som ung, og reiser med svigermora, som også er enkje, til ein ny og ukjend stad nordpå, stiftar familie der og får barn. Men ho skjuler ein løyndom, det tvingar henne ut av fellesskapen, og Rut bryt opp frå familien og reiser ut i verda. På denne europeiske odysseen møter ho mange menn (og ei kvinne) og som ein kvinneleg Don Juan blir ho både forfører og forført. Ho kjem nærare kva kjærleik og erotikk er - og kven ho sjølv er. Til sist strandar ho ein stad ved norskekysten, der ho blir kjend med Ester og hunden Frøya - eit møte som gradvis gir henne krefter og mot til å vende heim att, som den ho no er. Med utgangspunkt i Ruts bok frå Det gamle testamentet er dette ei sterk, episk forteljing om ei kvinnes livsval.