Boka samlar for første gong lesingar av dei største kvinnelege lyrikarane frå det 20. århundret mellom to permar. Dette er ein antologi med eksemplariske djupdykk i dei lyriske forfatterskapa som plasserer dikta i ein større samtidskontekst, og som stimulerer til leselyst av lyrikken.
Forfattarane er begge feministisk skolerte, og utvalet er difor konsentrert rundt dei kvinnelege lyrikarane. Antologien startar med ein artikkel om Edith Södergran og blir avslutta med analysar av Dronningeporten av Pia Tafdrup. Mellom første og siste kapittel i boka finnst lesingar av dei norske lyrikarane ordna kronologisk. Boka kombinerer særkunnskap med overblikk og eignar seg til studiar i nordisk og litteraturvitskap.