Karlahuset er ei kulturhistorie frå bygda fortalt gjennom eit gammalt hus og generasjonane som har budd der. Det gamle Karlahuset frå ca. 1830 blei fullrenovert i 1889, og boka var først tenkt som dokumentasjon av arbeidsprosess og bygningshistorie. Så begynte folket å få liv. Kven var dei, og korleis levde dei? Korleis var tida dei levde i? Det handlar om vide slekter og store barneflokkar, om fødslar, giftarmål og død, næring, arbeid og slit, gleder og sorger. Boka er rikt illustrert med gamle og nye foto av folk, hus, gard og landskap.