Forlaget skriver om denne boka:
I vinterferien får Inga ei ekstra ferieveke frå vidaregåande, for å reisa - litt motvillig - til Roma med onkel Inge. Mor hennar bestemmer alt utan å spørja kva Inga vil. Men eigentleg ser ho lyst på opplegget; Inga og onkel Inge er gode venner, og Roma har utruleg mykje å by på, både av fortid og notid.
Dei hamnar midt oppi ein stor antikrigsdemonstrasjon, som kanskje får større konsekvensar for Inga enn for Irak. Irak vert invadert trass i demonstrasjonar verda over, og Inga vert invadert av kjensler ho ikkje styrer. Ho lærer mykje ho ikkje visste, både om byen og om seg sjølv. Ein italiensk fotballspelande engel på skuter medverkar sterkt til begge delar.