Forlaget skriver om denne boka:
Tor er forfattar og bur med kone og to barn på ein liten plass i Noreg. Snart blir han femti. Han ringjer ein venn, vennen har skrive ein roman han vil at Tor skal lese. Sjølv har Tor lenge strevd med skrivinga. Men no vil han gå seg ein tur, og denne turen sett i gang ei forunderleg rekkje av hendingar. Inkarnasjon er ein særeigen og essayistisk roman med absurde element, ei komedie om litteratur, om kva litteratur er, og kanskje bør vere, om å stengje seg inne og om å søkje ut, og om korleis verda kan komme til deg når du minst ventar det.
TORMOD HAUGLAND (f. 1962) debuterte med romanen Under i 1994, og har sidan gjeve ut romanar, noveller, dikt og dramatikk. For tida er han dagleg leiar for Skrivekunstakademiet i Hordaland.