Forlaget skriver om denne boka:
Dankert Valden og Tryggve Karlsson er eigedomsmeklarar. Dei har eit oppdrag, å selje eit hus på ein liten plass i utkant-Noreg. Huset dei skal selje ligg på den plassen der Valden er oppvaksen, og der han ikkje har vært sidan han brått flytta nokre år tilbake. No er faren død, og garden skal seljast. Men Valden har andre planar. Attende på heimplassen råkar han på kona Hjørdis, som no bur i lag med ein annan mann. Med stort overskot og humor har Tormod Haugland skrive ein heilstøypt roman som og låner trekk frå melodramaet, om ei heimkome som inneber både ei byrjing og ein slut, og der nesten alt kan hende.