Tormod veks opp i ei lita vestlandsbygd på 1960- og 70-talet. Han har ikkje alltid kontroll, verken over seg sjølv eller omgivnadane sine. Stadig balanserer han på kanten, enten han køyrer traktor ned ein altfor bratt skrent eller samlar ved til sankthansbålet. Han er fødd til å bli bonde, men lengtar etter noko anna. Vi følger Tormod gjennom barndommen og ungdomstida, fram til han blir kunststudent i Bergen. «Om dyr og syn» er ein roman om dyr, menneske, kunst og natur. Om oppvekst og om dei store vala i livet. Omtalen er utarbeidd av BS.
Om dyr og syn er lagt til ei lita bygd på Vestlandet på 1960-, 70- 0g 80- tallet. Med gardslivet og bygdekulturen som bakteppe følgjer vi Tormod frå barndommen gjennom ungdomstida, fram til han er ung kunststudent i Bergen. Om dyr og syn er ein roman om dyr og menneske, kunst og natur. Det handlar om å vekse opp, om å bli ein mann og om å ta dei store vala i livet.