Hovudpersonen i denne boka har lova mor si å vere med bestemor på hytta, slik at mor trygt kan reise på klassefest. Det er berre det at denne bestemora er ikkje som andre. Ho set guten til å hogge skog med ei utslitt øks, han må plukke blåbær der ingen bær finst, og han får graut med fiskerestar i. Etter kvart demrar den grusomme sanninga for han - bestemor har eit kjøttetande tre bak hytta, og ho tenker å fore det godt? Boka er illustrert av Per Dybvig.