Forlaget skriver om denne boka:
EG-PERSONEN I DENNE ROMANEN har leita etter stoff om foreldra sine og deira ungdomstid. Han prøver å rekonstruere liva deira, særleg faren sitt, slik forteljaren sjølv forstår og opplever det. På denne måten er Vegen til Neverland blitt ei skildring av to norske tidsepokar, krigsåra og etterkrigstida fram til 1962, det året då forteljaren sjølv blei fødd.
Boka er eit tidsbilde og ei familiekrønike. Som rettleiande og kontrasterande forord og etterord, og som skilje mellom dei to tidsbolkane, fortel forteljaren tre kortare historier der han skildrar seg sjølv og si eiga interesse for denne undersøkinga. Dette gir også boka karakter av å vere eit sjølvutforskingsprosjekt som stiller vesentlege eksistensielle spørsmål: Kvar kjem eg frå? Korleis er eg komen inn i verda, og kva betyr dette for meg i dag? Vegen til Neverland er ein frittståande oppfølgjar til den kritikarroste Livingstones retrett (2003).