Forlaget skriver om denne boka:
Er du glad i snø og vinter? Uroleg for om dei er i ferd med å forsvinne for godt, saman med isbjørnen, Nordpolen og Grønlandsisen? Du er ikkje aleine. Stadig tydelegare ser vi korleis klimaendringane påverkar oss, og den norske vinteren.
Ex-skiløpar Gudmund Skjeldal har eit spesielt forhold til det kvite. I Fallande snø skriv han personleg om barndomsvintrar, om snøen i kunst og kultur og om kva vi kan miste om vi berre står att med tre årstider. Han skriv om klimaangsten mange av oss lir av, og om den dårlege samvittigheita vi får etter kvar flytur.
Boka er delt i to, og andre del er ein politisk pamflett som kritisk ser på kva norske styremakter, dvs Stoltenberg har sagt, lova og gjort. Eller har unnlate å gjere. Mens vi held fram med å forureine i stor skala.
Gudmund Skjeldal er idehistorikar og lektor.