Under OL i St. Louis i 1904 ble medaljene i gull, sølv og bronse delt ut for første gang. Hvorfor valgte man akkurat disse metallene? Forfatter Gudmund Skjeldal vant selv sølv på femmila i Holmenkollen i 1993. Han ledet helt frem til den siste kilometeren. Med denne personlige erfaringen som rammefortelling gir han oss historien om gull, sølv og bronse.
Dei beste har nok med å døy, heiter det ein stad. Det er ikkje sant: Det er dei nestbeste som døyr heile tida. Den som hadde tatt imot det stipendet, og reist til New York. Den som hadde forstått kva ho eigentleg ville då ho stogga ved den kinoplakaten den gongen. Den som berre visst kva som var i ferd med å skje, nokre kilometrar før Gratishaugen. Dei nestbeste plagar seg med kva som kunne vore, og gjer det kanskje heile livet.
Med eit personleg utgangspunkt i ei spesiell femmil i Holmenkollen spør Gudmund Skjeldal kva det vil seia å vinna sølv. Kanskje er det, både i og utanfor konkurransesporten, snarare eit nederlag. Eller det blir eit tap med tida. Han svarar ved også å sjå på kva bronsemedaljen symboliserer, og på kva det gjæve gullet eigentleg betyr. Han leitar fram idéhistoria bakom dei tre olympiske premiane, og hamnar hjå dikttaren og vismannen Hesiod. Han hadde også tapt noko. Kan henda var det difor han begynte å dikta?