Ingen stad er graset så velstelt som i Wimbledon. Inga turnering er det tennisstjernene ønskjer å vinna meir enn den. Få finalar er like dyre som dei på Centre Court. Men også i Wimbledon fins! det parkar der ein kan leggja seg i kø, og vona på ein billegare billett.
Dei intense duellane mellom John McEnroe og Bjorn Borg, mellom Williamssøstrene, og endeleg Roger Federer i møte med Rafael Nadal, har fengsla folk over heile verda. Ein gong spelte ei norsk kvinne i finalen på Centre Court. Kan henda kan ein nordmann gjera det skarpt igjen.
Med sats i ein svært berømt kamp skriv Gudmund Skjeldal om den kontrastrike og tradisjonsbestemte sporten tennis. Han fortel med amatørens lidenskap for racketkunstnaren Federer, og med idehistorlkarens syn for tradisjonen fair play. I Wimbledon blir spelarane minna om å tapa og vinna med stil.
Tennis er ein mental idrett meir enn dei fleste. Dette er reisa til spelets kjerne.