Johan vaknar opp til første dag i sommarferien, men ingenting er som det skal vere. Veslesøstera hans er død, og minnet om dødsulykka er sterkt nærverandre hos han. For den sorgtyngde Johan blir denne dagen ei mulegheit for oppgjer med fortida, men så hamnar han i ein situasjon der hans eige liv plutseleg står på spel. Ulykkesdagen og sommarferiedagen blir vovne saman og bygd opp mot eit dramatisk høgdepunkt, der parallellhistoriene vekslar mellom undergang og overleving.
Johan er ei forteljing om det å miste og å leve vidare, truverdig fortald med eit stillfarande språk. Gaute M. Sortland debuterer med denne boka.