Forlaget skriver om denne boka:
Kom deg vekk og ta med deg alt du eig, ropar du. Eg begynner å pakke medan du låser deg inne på do og græt. Det er heilt krise. Heldigvis eig eg ikkje stort. Berre litt klede, ein stabel bøker, ein ryggsekk, gitaren, sykkelen, ein sovepose og så sjølvsagt porselenseselet.
Tenk deg å kunne drepe nokon berre med blikket.
Tenk deg å kjenne seg så fri, som ein jamaica-kar, at du kler av deg og går rett bort og helsar på naboen. Eller tenk deg noko så fint som å bli vekka av dryssande snø ned på ansiktet ditt frå lua til den du bur med, og snart luktar det nybakt brød, og det er på tide å stå opp. Slik er det i Gaute M. Sortlands nye bok der forteljingar er spreidde utover eit heilt vanleg år. Her får dei fleste vere med: sokneprestar, fyllekjørarar, livsnytarar og (potensielle) øksemordarar. Folk som opplever at livet plutseleg har endra seg, eller som med eitt oppdagar seg sjølv midt i livet.
Underfundig, snål og fin bok til å le av og til å bli glad i. Ei perfekt høgtlesingsbok, og minst like perfekt for stille stunder.