Slik talar kjærleiksgudinna Venus til ungguten Adonis i bok her. William Shakespear lét berre to av arbeida sine trykke; det første var VenusogAdonis (1593). Han kalla diktet "den første arvingen til fantasien min", endå han hadde skrive sju skodespel før- Diktet har ikkje tidlegare vore omsett til norsk. Ein grunn til det kan vere at det var for moderne for den tida då verka til Shakespeare vart rangerte; det har forvirra mange lesarar. Hos Shakespeare er ikkje Adonis enkelt og greitt elskaren til Venus, som i dei antikke mytane. Hos Shakespeare er det kvinna/gudinna som friar. Venus er den aggresive forføraren. Adonis representerer denm lyrisk-emosjonelle, "himmelske" sida av kjærleikenn, i ei androgyn rolle der han ikkje let seg forføre.
Diktet viser fram ambivalens, omsnudde kjønnsroller og usikker kjønnsidentitet. I 2009 skulle tida til dette diktet vere komen, også på norsk?