Forlaget skriver om denne boka:
Smil utan smilar
er ei mangfaldig og overraskande bok, til ettertanke og til å smile av. Geografien i boka strekkjer seg frå Glomma til Sahara, og vi får lese om alt frå alderdom og kjærleik til kamelar og ørkengudar.
Bli med gjennom nålauget, til Einar Øklands oasar!
TIL ERINDRING
Omrisset av eit klungerblad teikna
På eine sida av eit lite papir
Som har eit klungerblad berre skravert
På den andre sida.
Omrisset tynt og tydeleg.
Skraveringa flat og utflytande.
Ein ser ikkje begge samtidig,
Men skjønar det må ha vore
Den same som stod bak begge. Same
Kva som er fram- eller bakside.
Kanskje er det difor ein hugsar
Begge som vakre.
Klungeren og amatøren.