I den vesle vestlandsbygda Berg er fabrikken, som i alle år har halde liv i bygda, nettopp lagt ned. Over bygda ruvar fjella, og fjorden stikk djupt under ho. Frå fjellet heng ein diger stein som stadig trugar med å løsne og falle i vatnet. I denne katastroferomanen følgjer vi fem svært ulike karakterar som alle forsøker å gi meining til ein eksistens der alle kjende strukturar er i ferd med å forsvinne. Kjersti Wøien Håland har tidlegare gitt ut romanen "Kjersti er ein fiktiv person, helsing Kjersti" (2013).
I «Dommedøgn» følgjer vi fleire av bebuarane i Berg, blant anna den profetiske og merkverdige tenåringen Linn, som er sikker på at noko ille kjem til å skje. Hennar einaste venn i verda er Fiver, ein kvit kanin med raude auge, som også er klarsynt. Eller? Inga, som er ordfører og desperat prøver å få nye bedrifter til bygda ved hjelp av statlege omstillingsmidler. Ragnhild, ein misantrop og nyleg arbeidsledig narkoman som prøver alt ho kan for å røske opp i stillstanden. Heimesjukepleiaren Cecilie, som får eit merkeleg vennskap med ein gammal pasient. Dei prøver alle å gje meining til ein eksistens som verkar åha mista ho, men frå fjellet, ute i fjorden, heng ein stein som stadig trugar med å falle i vatnet.