Dikta i denne samlinga er henta frå Kjersti Wøien Håland (f. 1988) sin poesikalender på Instagram 2017 og 2018. Forfattarens del av salsinntektene blir donert til Alternativ Jul, som lyser opp juletida for dei som treng det mest. Snø er det varmaste vêret når han er kram under skoa verda er stille men knirkar som du snik deg ove verdas lengste loft på veg til eit hemmeleg og magisk rom «ikkje vekk dei vaksne» kviskrar du og snøen knirkar tilbake «aldri aldri aldri»