Panikk på gata i Lillehammer. Panikk på Holbergs plass i Oslo. Panikk i heile Sogn og Fjordane. Panikk med ei flaske kirsebærøl i magen. Panikk av ein luftambulanse på himmelen. Panikk av marknadskreftene. Panikk av mark i jorda. Panikk av sju millionar andre menneske. Panikk og ei plutselig ørske. Ei hand på pulsen. Ei hand rundt fett og skjelett. Og eit einaste spørsmål: Kan ein bli trygg på nytt? Kan ein skrive dikt som passar på diktaren? Som passar på seg sjølv? Jo da, Kjersti Wøien Håland har panikk frå tid til anna. panikk når alt er beige og alle følger oppskriften Kjersti Wøien Håland (f. 1989) har tidlegare utgitt diktsamlinga Kjersti er ein fiktiv person, helsing Kjersti og romanen Dommedøgn.