Diktboka, klassikaren i diktundervisninga gjennom ei årrekkje, kjem no i ny og gjennomrevidert utgåve. Boka er skriven for diktelskarar og dikthatarar, og er nyttig for lærarar i grunnskolen og for lærarstudentar. Boka er todelt. I den første delen peikar forfattarane på samanhengen mellom poesien og den produktive barnekulturen. Dei presenterer ulike prinsipp og idear for diktundervisning. Den andre delen er ein antologi av dikt som er plukka ut i samsvar med metodikken i første del.
Denne boka gir ei innføring i diktundervisning og er skriven for lærarstudentar og lærarar i grunnskolen. I den fyrste delen av boka legg forfattarane fram samanhengen mellom poesi og produktiv barnekultur, med idéar og prinsipp til bruk i diktundervisning. Den andre delen er ein antologi med dikt som er plukka ut i samsvar med metodikken i den fyrste delen. Per Olav Kaldestad er forfattar og førsteamanuensis i norsk, og Hanne Knutsen er førstelektor i drama med erfaring frå undervisning i grunnskule og høgskule. Omtalen er utarbeidd av BS.