Forlaget skriver om denne boka:
Ein blind gubbe og ein gammal sjømann fyller dagane med drikking, krangling og prat. Denne dagen blir rutinane brotne av ei ukjent kvinne med eit lite barn som kjem inn i huset. Daga handlar om kjærleik. Den som er, den som var, og den som aldri kjem. Om kva slags val vi tek i løpet av livet, og kva slags konsekvensar dei får, både for oss sjølve og dei omkring oss. Val vi aldri kan gjere på nytt.
Sigmund Løvåsen (f. 1977) er frå Trysil. I 2003 debuterte han med romanen Nyryddinga. Han fekk P2-lyttaranes romanpris og Tarjei Vesaas' debutantpris 2003 for boka. Daga er det første skodespelet hans, og stykket vart sett opp på Hedmark Teater hausten 2004.