Når Ingrid og Johannes saman syng Vid din sida saman,
er dei tilbake i sine lykkelegaste dagar.
Men i dag er Johannes dement, og har ikkje lenger nokon kontakt med denne fortida. Forholdets mørkare sider kjem til syne når dei siste åra fors-vinn frå hukommelsen. Kan kjærleiken overleve at det felles minnet om den forsvinn?
Stykket handlar om korleis det er å leve som dement og med ein dement. Ei kjærleikshistorie om ein families kamp for å halde fast i seg sjølv, verda omkring dei, og kvarandre.
Stykket hadde premiere på Teater Innlandet i oktober 2011.